Tysdag 16. februar hadde bondelaga i Lindås, representert ved Olav Myhr (Eikanger Bondelag) og Jan Otto Pletten (Alversund og Seim bondelag), eit møte med Astrid Aarhus Byrknes (ordførar), Nina Bognøy (vara ordførar) og Ørjan Raknes Forthun (rådmann) 

I møtet samtalte vi om ulike tema som er viktige for landbruket i kommunen vår. Vi hadde ein god dialog der vi var innom mange viktige emner, som bl.a.: 

  • Kvifor det er viktig med kontakt mellom landbruket og politikarane/kommunen. 
  • Lausdriftskravet som kjem i 2024, og utfordringar rundt dette.
  • Rapporten om verdiskaping av landbruket i Lindås.
  • Jordvernet i kommunen - i samband med utbygging. 
  • Inn på tunet og open gard arrangement. 
  • Næringsfondet - om korleis landbruket òg kan nytta seg av dette. 
  • Landbrukshuset si framtid.

Vi var einige om at det er viktig for begge partar med ein jamn dialog vidare, og vi tenkjer at dette møtet var ein døropnar som vil gjera det lettare å ta kontakt for å drøfta aktuelle problemstillingar.

Vi opplevde dette som eit nyttig møte, og vonar på eit godt samarbeid vidare. 

Tekst og bilete: Alversund og Seim Bondelag og Eikanger Bondelag.

Olav Myhr, Jan Otto Pletten, Astrid Aarhus Byrknes, Nina Bognøy og Ørjan Raknes Forthun.