- Viktig å byrje tideleg
Fredag 22. april inviterte Breim Bondelag cirka 70 barnehagebarn på gardsbesøk. Målet var å vise borna kvar maten kjem frå.
- Eg tykkjer det er positivt at born får kontakt med dyr, seier leiar i Breim Bondelag Geir Thomas Myklebust.
Han fortel at dei delte barnehagen i to grupper. Dei yngste borna kom fyrst, fekk omvisning i fjøsen og tilbod om å sitte på med hest og vogn. Deretter kom dei eldre borna. Saman hadde dei felles matpause, før dei yngste borna reiste og dei eldre borna fekk omvisning i fjøset. Myklebust tykkjer det er viktig at borna kjenner til norsk landbruk og matproduksjonen i landet vårt.
Kvifor inviterte de barnehagebarn?
- Det er viktig å byrje tideleg, om ein vil ha gode bønder i framtida.
- Berre kjekt
- Det var lett å seie ja, då Bondelaget spurte om å få låne fjøsen min.
Arne Einar Reed meiner det er viktig å syne borna kvar maten kjem frå.
- Det er folk som trur at mjølka kjem frå butikken. Difor er det viktig å ha arrangement slik som dette, for å syne korleis det eigentleg er.
Reed syns dagen gjekk bra og fekk gode tilbakemeldingar.
- Det var mykje positivt. Eg trur dei fleste borna som var på besøk i dag er vane med dyr, for det var få som var redde.
Glade barn:
Fleire bilete frå dagen finn ein her.