Ole Bjarne Hovland er oppvaksen i industrikommunen Årdal saman med noverande ordførar i kommunen Hilmar Høl, så han kjenner godt til Arbeiderpartikulturen.   Hovland sette pris på at han fekk lov å helse årsmøtet i Arbeiderpartiet på vegne av Vestland Bondelag.  I helsinga til årsmøtet sa han mellom anna følgjande:

- Norsk landbruk er avhengig av politikarar som kjenner bonden og korleis landbruket fungerer.  Arbeiderpartiet har vore ein av sjafsarkitektane for den matproduksjonen me har i landet i dag.  Etterkrigstida har forma bonden sine rammevilkår med Arbeiderpartiet i førarsetet mykje av tida. Heile Norge er i bruk for å skaffe mat på eit forholdsvis lite landareal, som er eigna for å trygge vår mattryggleik.  Me i Bondelaget har i lenger tid snakka om auka sjølvforsyning, og den pågåande pandemien har har medverka til enno større fokus på dette området. 

Me skal ha sjølvforsyning opp mot 50 %.  I dag er sjølvforsyninga under 40 % og synkande.  Me er glade for at Arbeiderpartiet også har eit mål om å styrke sjølvforsyninga.  Det blir ein betydeleg jobb, men det er avgjerande for at Norge skal ta sitt globale ansvar for matproduksjonen.  Folkevekst og klimaendringar gjev store utfordringar for vereda sin matproduksjon i framtida.  Kva er so det viktigaste grepet me kan gjere i Norge for å levere på auka sjølvforsyning.  Jau, me kan sikre framtida til mindre og større bruk i heile landet.  Me må ha ein politikk som tek utgangspunkt i at familielandbruket kan styrke seg som ryggrada i norsk landbruk.  Me er ikkje åleine om den tanken.  FN si generalforsamling vedtok i 2017 at perioden 2019-2028 skal vere familiejordbruket sitt tiår.  

Då teng me rett og slett meir politikk.  Marknaden jobbar ofte mot dei politiske måla i landbruket, dersom vi ikkje får meir politikk som kan styre marknaden.  Verktya for å utøve landbrukspolitikken har vore betydeleg utfordra dei seinare åra.  Odelslova, konsesjonslova, marknadsordningane og importvernet, som har vore grunnleggande og er suksessen i norsk landbrukspolitikk. 

Slepp bonden fri sa landbruksministeren i 2014.  Når eg snakkar med yngre bønder som har satsa større, teke stor risiko, spring endå fortare for å få betalt for jordleige, kvoteleige og for at maten skal vere så billeg som råd, så er det ikkje mykje jubel å høyre for fridomen.

Det er dårleg motivasjon for ein hardt arbeidande matprodusent, når daglegvarekjedene reklamerer med matvarer som knapt kostar noko, medan dei som eig kjedene er på formuetoppen og om lag kvar 3. bærepose med mat vert kasta.  Me treng meir politikk.  Politikk som får ungdom til å ta steget inn i bondeyrket i Vestland.

De i arbeiderpartiet har mykje bra i dykkar politikk, men politikk må setjast ut i livet og dit er det ein veg å gå.  Me i Bondelaget set pris på samarbeid med alle politiske parti og me ser fram til eit godt samarbeid med dykk i Arbeiderpartiet.  Vestland Bondelag ynskjer Vestland Arbeiderparti til lukke med årsmøtet og valkampen.