- Vi må ut og jakte
Auka hjortebestand får bøndene til å fortvile.
- Sogn og Fjordane Bondelag tok i førre veke til orde for å redusere hjortebestanden betrakteleg.
Det sa fylkesleiar Anders Felde , då han tala til årsmøtet torsdag 8.mars.
- I heile fylket treff vi bønder som er fortvila over størrelsen på hjortebestanden, vi må få auka fellingsløyver og vi må «frie løyver» slik at vi raskt får bestanden ned.
- Hjorten et opp vinterfôret til dyra våre
Ifylgje Felde ser offentlege myndigheiter ut til å vere av same meining når det gjeld auka fellingsløyver. Skrantesjuka og mogleg smitte er eit argument, hjortepåkøyrslar eit anna.
- For oss er det rett og slett så enkelt at hjorten et opp vinterfôret til dyra våre.
Felde oppfordra avsluttningsvis dei frammøtte til å fylgje opp saka lokalt, og at lokallaga fylgjer dette opp i forhold til komune, og andre som forvaltar hjortestammen.
Les heile talen til Fylkesleiar Anders Felde her.