På dag to av årsmøtet i Vestland Bondelag var det opna for dialog og debatt kring framtida for vestlandbonden.  Stortingsrepresentantane Per Vidar Kjølmoen, Ap og Nils T. Bjørke, Sp innleia saman med styremedlem i Norges Bondelag Arthur Salte.

Vi skal levere på samfunnsoppfraget, men vi må ha inntekt

Styremedlem Arthur Salte imponerte med eit tydeleg og inspirerande innlegg.  Han var tydeleg på at bøndene vil levere på samfunnsoppdraget. - Vi vil produsere mest mest mogleg mat basert på areal i heile landet, men vi treng økonomi som gjer det mogleg, sa Salte.  Han var tydeleg på at ei ordning med gjødselkompensasjon på kunstgjødsel til grovfor også må på plass no på kort sikt.   Inntekta må opp på nivå med andre og 25 % av gapet må tettast i år.  Vidare kom han inn på trong for fungerande importvern, RÅK ordninga, finansiering av Bionova, dei konkurransefremjande midlane i PU-ordninga og ei styrking av velferdsordningane.

Styremedlem i Norges Bondelag; Arthur Salte greip forsamlinga med ei inspirerande innleiing

Vi kan ikkje basere norsk landbruk på at folk skal ha to jobbar

- Vi kan ikkje utvikle norsk landbruk ved å basere utviklinga på dobbeltarbeidane yrkesutøvarar, sa landbrukspolitisk talsperson i Arbeiderpartiet til årsmøtet i Vestland Bondelag.  Vidare i innlegget sitt tok han utgangspunkt i den dramatiske situasjonen i Europa.   Det har snudd den politiske kvardagen heilt på hovudet.  Ei erkjenning er åt å sige inn i heile Norge om kor viktig eigen matproduksjon er.  Matprisane stig og innsatsfaktorane gjer det same.  - Regjeringa har kvittert ut 1,5 mrd til næringa sidan vi tok over og vi vil følgje opp sa Kjølmoen.   Vi klarar ikkje å innfri alt på ein gong.  Vi må byggje stein på stein og ha fokus heile vegen på stake ut ein ny kurs. Vi ser dykk, høyrer dykk og jobbar for dykk.  De skal få sjå ein politikk som verkar, og det kjem til å verte betre å vere bonde, men då må de hjelpe oss attende og skape optimisme i næringa, avslutta Kjølmoen i sitt innleiingsføredrag

Nils T. Bjørke, Stortingsrepresentant frå Sp

Må vere viljug til å nytte økonomi på landbruket for at landbruket skal  kunne levere på samfunnsoppdraget

Noko av utfordringa i dag er at det har ikkje vore skikkelege jordbruksforhandlingar sidan 2019.  Det har ikkje vore ei regjeringserklæring sidan 1970-talet som er så tydeleg på å styrke økonomien i landbruket, men vi treng noko tid sa Stortingsrepresentant frå Sp Nils T. Bjørke.  Vi skal styrke landbruket, men vi må gjere det rett.  Vi må ikkje gå i fella som kan skape ny runde med overproduksjon.  - Vi skal ha betre velferdsordningar, men då må bøndene bruke dei også, held Bjørke fram.  Vi må få på plass ordningar som står seg over tid.  Vi må få til eit langsiktig løft for norsk landbruk som er berekraftig på sikt.  - Ein normalt god bonde må ha ei normalt god inntekt, og då må det vere lov for dei dyktigaste å tene skikkeleg godt, held Bjørke fram. 

Dialog og debatt i etterkant av innleiingane: F.v. Arthur Salte,styremedlem Norges Bondelag, Nils T. Bjørke,Stortingsrepresentant Sp,  Anders Felde, fylkesleiar i Vestland Bondelag og Per Vidar Kjølmoen, landbrukspolitisk talsperson i Ap.