Vi har klart å stå imot
- Ved å stå saman har vi klart å sikre dei fire grunnpilarane for norsk landbruk, sa Anders Felde til leiarmøtet i Vestland Bondelag.
No er det på tide å utvikle "grunnpilarane" snakke opp dei moglegheitene som ligg i næringa. - Vestland betyr noko i matproduksjonen!, held Felde fram. Vestlandsbonden er viktig for at vi skal oppretthalde norsk sjølvforsyninga. Samlar vi mykje av matproduksjonen i få område vert vi svært sårbare. VI MÅ HEIE PÅ DEN SPREIDDE MATPRODUKSJONEN i heile landet.
VI må betre verkemiddelbruken for kvart einskild prosjekt innan investeringsverkemidlane. Utan ei slik styrking av regelverket STOPPAR investeringane i Vestland. Investeringsmoglegheitene er naudsynte for å kunne gje framtidstru. SV må rette og slett betre sitt framlegg til Statsbudsjett. Dei omfordelar midlar, mellom anna ved å flytte midlar frå vestlandsskogbruket si drift i bratt areal til Bionova. Bionova er positivt, men ikkje omfordelinga av midlar. Viljen til satsing på klimatiltak i landbruket må styrkast, men ikkje ved å svekke gode eksisterande ordningar.
- Vi må tene pengar i framtida. Utan pengar i lommeboka vert det heller ikkje norsk produksjon. Vi kan ikkje ha norske bønder i reklamefilmar på TV, samstundes som daglegvarekjedene legg til rette i butikk for at forbrukaren skal velje importprodukt. Det er ikkje haldbart!
Da stod ikkje på engasjementet då fylkesleiar Anders Felde innleia til leiarmøtet i Vestland Bondelag
Norsk landbruk må rammast inn
Vi må drøfte tiltak som gjer at vi har ein marknad i balanse. - Eg har ikkje trua på kvotar, men på andre verkemiddel som styrkar inntekt utan å vere produksjonsdrivande, sa mellom anna Felde. Hinder som kan stoppe nyetableringar må drøftast med politikarane. Vi må tore å tenke nye grep for å balansere ein marknad.
Kostnadsvekst må kompenserast og inntektene må løftast allereie i jordbruksoppgjeret til våren. Vi må starte på jobben med å tette inntektsgapet no avslutta ein tydeleg fylkesleiar.