I dag presenterer NIBIO resultatatet av driftsgranskingane for 2020.  Formålet med driftsgranskingane er å vise økonomisk status og utvikling i landbruket, og på gardsbruk der ein vesentleg del av inntekta kjem frå jord- og skogbruk.

Driftsgranskingane er tufta på ei årleg rekneskapsundersøking som omfattar rundt 1000 gardsbruk. Desse er valde ut slik at dei representerer ulike landsdeler, storleiksgrupper og driftsformer. Om lag 140 av bruka inngår i skogbruksdelen av driftsgranskingane.   Det vert utarbeidd eigne analysar for Austlandet, Vestlandet, Trøndelag og i Nord-Noreg,  Analysane i driftsgranskingane gir grunnlag for økonomisk rådgivingsarbeid og materiale til intern og ekstern forsking og undervisning.   Driftsgranskingane dannar og basis for referansebruka, som er ein del av materialet til jordbruksforhandlingane.

 

Koronastengte grenser skapte volumvekst

Særleg auka produksjonen av storfekjøt, svinekjøt og mjølk.  Dette gav samla større produksjonsinntekter.  Det var prisveksten i kjøtproduksjonen på storfe og svin som gav grunnlag for veksten.  Mjølkeprisen i Vestland var 26 øre lågare enn prisen i 2020, så her gjekk inntekta frå mjølkeproduksjonen ned, trass i volumveksten som stengte grenser skapte. 

For sauehaldet og frukt/grønt vart 2020 eit dårlegare år enn 2019.  Innteninga er desidert dårlegare for sauehaldet medan frukt/grøntnæringa, trass i eit noko dårlegare år, framleis har best økonomi av alle produksjonar i Vestland.  I snitt er Vestlandsbonden si gjennomsnittsinntekt i 2020 så vidt over nivået i 2013.  Denne inntektsutviklinga gjev ikkje økonomisk berekraft på sikt.  

Sauenæringa heng etter når det gjeld inntekt.  Kan ikkje berre leve av vakker utsikt og entusiasme..........

Her finn du utfyllande opplysningar om driftsgranskingane for Vestlandet