Vestlandsbonden har ikkje råd til å betale for dagens hjortebestand !
- Eg ser fram til å delta på ein viktig fagdag der skader ved å ha ein stor hjortebestand, vert sett på dagsorden. seier fylkesleiar Anders Felde. Fagdagen vert skipa til i Ålfoten onsdag den 19. juni, og er open for alle. Fylkesmannen, skogselskapet og Bremanger kommune er arrangør..
Stort beitetrykk frå hjort på skog, billegnag og nye plantetypar er ei velkjend og aukande utfordring. Skogeigarar gir opp å plante oppatt etter avverking nettopp fordi hjorteskadene er øydeleggjande. I tillegg gir snutebilleskader på nyplantinger ekstra utfordringar. Hjorten beiter også grådig på grasvoksteren på innmarka.
Program
10.30 – 16.30 Frammøte: Ålfoten (merka frå riksvegen 20 min aust frå Svelgen)
- Forvalting av jaktbart vilt og skogskader: Status på landsbasis ved Espen Stokke, LMD
- Vestlandsbonden har ikkje råd å for å betale for dagens hjortebestand ved Anders Felde, Sogn og Fjordane Bondelag
- Forvaltning av hjortebestanden i Bremanger kommune ved Bjørn Henry Martinussen, skog- og utmarkskonsulent i Bremanger kommune
- Verdivurdering av hjorteskader på skog og innmark Samson Øpstad, Nibio Fureneset
13.00 – 13.45 matykt
Diskusjon
14.30 Forflytting til plantefelt
- Kort historikk i feltet ved Bjørn Henry Martinussen
- Erfaringar og utfordringar i plantelogistikken i praksis ved Vestskog, Vidar Jørdre, Vestskog
- Tiltak mot snutebiller: Voksbehandling - ein «kvikk fiks»? Merete Larsmon, fylkesmannen i Vestland
- Kort diskusjon og oppsummering av dagen ved Halvor Brosvik, Vestskog
Av omsyn til matykta ber vi om påmelding til Merete Larsmon, 97140060, fmsfmla@fylkesmannen.no innan 17. juni.