Vestland Bondelag sitt høyringssvar til Grytten-rapporten.
Vestland Bondelag har sendt høyringssvar på Norges Bondelag si interne høyring av NOU 2022:14 Inntektsmåling i jordbruket, betre kjent som rapporten til Grytten-utvalet.
Heile organisasjonen har vore involvert i den interne høyringa. Lokallaga har sendt innspel til fylkesstyret, og styret har laga eit høyringssvar som vart sendt til Norges Bondelag i går.
Dei viktigaste punkta i høyringssvaret er at norsk landbruk er, og skal være ei politisk næring. Modifisert Totalkalkyle må nyttast allereie i jordbruksforhandlingane 2023 og hybridmodellen bør utviklast vidare med mål om lågare effektivitetskrav.
Vestland Bondelag vil at bruk og distrikt som har lågast inntekt i dag må bli betre ivaretatt og løftast mest. Vi meiner også at det er rett å nytte vederlag til arbeid og eigenkapital som resultatmål.