Ventar inntektsnedgang for bøndene
- Det er alarmerande for norsk landbruk, seier fylkesleiar Anders Felde.
LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde.
Tala frå Budsjettnemda for jordbruket syner inntektsutviklinga i næringa. Denne utviklina vert lagt til grunn for kvart jordbruksoppgjer.
Den ferske prognosen frå Budsjettnemda syner at jordbruket kan forvente ein berekna inntektsnedgang på 23 500 kr per årsverk i 2019.
Andre grupper i samfunnet har ein berekna inntektsvekst i 2019 på kr. 18 200
- Overproduksjon, svak prisutvikling på maten vi produserer, auka kostnadar og tørkesommaren 2018 gjer at inntektene går ned, seier Felde.
Ser vi konkret på prognosane for inntekta i 2019 for Vestlandet så syner referansebruka innan mjølk ein auke i inntektene på ca. 10 000, medan ein ser ein nedgang på inntektene for sauebruka på ca. 5 000. Vestlandsbonden er blant dei som ligg lågast i inntekt, difor er det viktig at vi får gjort eit løft på inntektene.
Eit lyspunkt
- Gardsbruk som driv med frukt og bær har god inntektsutvikling, fortel Felde.
Budsjettnemda sine referansebruk syner ei forventa inntekt på 449 300 kr. Per årsverk i 2019, opp frå 384 600 kr. i 2017.
- For frukt og bær går det i pluss, og det er positivt. Vi produserer mykje bringebær her i fylket, og der er heller ikkje inntektsutviklinga god, men så presise er ikkje tala som vart lagt fram i dag.
Kva det eigentleg handlar om
- Jordbruksoppgjeret handlar om beredskapen for å forsyne den norske forbrukaren med mat, det handlar om matsikkerhet, det handlar om 50 000 arbeidsplassar i norsk næringsmiddelindustri og det handlar om eit landbruk som nyttar areal over heile landet. Inntekt er det viktigaste verkemiddelet for at norske bønder skal greie å levere dette i framtida. Gapet i inntekt mellom andre grupper og bøndene har auka i 2018, og det er avgjerande at vi no greier å snu utviklinga.
Felde fortel at det er avgjerande at ein får verkemiddel til å regulere marknaden godt, slik at den kjem i balanse. Det er også naudsynt at politikarane prioriterer budsjettpengar for å løfte inntekta til norske bønder.
Bakgrunn:
• Budsjettnemnda for jordbruket (BFJ) utarbeider årleg grunnlagsmateriale til jordbruksforhandlingane. Nemnda har som hovudoppgåve å legge fram materiale som kan danne grunnlag for vurdering av jordbruket si økonomiske stilling, først og fremst til bruk under dei årlege jordbruksoppgjera.
• BJF legger fram Totalkalkylen som er eit totalregnskap og budsjett for jordbruket i Norge. I tillegg legg dei fram en oversikt over utviklinga for utvalde referansebruk, som består av rekneskapsresultat for eit utval av bruk i ulike områder, driftsform og storleik i Norge.
• Jordbruksforhandlingane mellom jordbruket sine faglag (Norges Bondelag og Norsk Bonde og Småbrukarlag) og staten startar 29 april. Då legg jordbruket fram sitt krav.