- Vemodig å tenkje på
Med klump i halsen takka Anders Hjellbakk for samarbeidet med Sogn og Fjordane Bondelag.
LEIAR I HORNINDAL BONDELAG: Anders Hjellbakk.
- Det slo meg då eg var på fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane Bondelag at dette kanskje var siste gongen Hornindal Bondelag var representert. Difor var det viktig for meg å kome med ei helsing, der eg takka for samarbeidet både med tillitsvalde og ansatte.
Frå 2020 blir Hornindal kommune slått saman med sunnmørskommunen Volda for å bli ein del av Møre og Romsdal.
- Det blir vemodig å forlate dei me kjenner så godt i Sogn og Fjordane. Fylkeslaget er veldig flinke til å ta seg av dei tillitsvalde. Vi har godt sosialt miljø, og eit nettverk som eg er veldig glad i.
Mest naturleg
- Når ting først er blitt som dei har blitt, er det mest naturleg å bytte fylkeslag for Hornindal Bondelag. Mykje av jobben vi gjer er knytt opp til fylket, og difor er det naturleg å følge dei nye fylkesgrensene.
Hjellbakk fortel at bytte skjer med blanda kjensler, men trøystar seg med at Sunnmøringane ikkje er heilt ulike Nordfjordingane.
- Det vert spennande å gå inn i nytt fylke. Det er heldigvis mykje som er likt også, sjølv om eg alltid vil vera Nordfjoring.