FRÅ NORTURA: Tonje Heggertveit.

 

Bondelaget har i mange år samarbeida med Felleskjøpet SA, Tine SA og Nortura SA om å reise rundt til ungdomsskular for å informere om dei ulike samvirkebedriftene, men òg for å rette fokus på norsk matproduksjon, utdanning og karriere. Bondelaget starta dagen med ein felles presentasjon, før elevane rullerte mellom presentasjonane frå Nortura, Tine og Felleskjøpet.

 

FRÅ FELLESKJØPET: Melissa Engås.

 

Felleskjøpet var representert av Melissa Engås, dette var første gong ho var med på samvirkebesøk.  Engås prata mellom anna  om kva produkt dei sel, og om oppbygginga til selskapet. Det er 44 000 bønder som eig Felleskjøpet. Foredraget vart avrunda med karrieremoglegheitane.

 

FRÅ TINE: Inger Birgitte Flatjord Kjøsnes stilte frå Tine under skulebesøket på Skei.

 

På Skei representerte Inger Birgitte Flatjord Kjøsnes Tine. Ho  tok føre seg kven Tine er, kven som eig Tine, litt om omsetndad, produksjon og kor mange meieri vi har i Norge. Elevane fekk lære at Tine Meieriet Vik er eit spesialmeieri som produserar gamalost, bringebærjuice og mylse, medan Tine Meieriet Byrkjelo er eit av dei største meieria i Norge.

 

FRÅ TINE: Bjarte Inge Sørestrand representerte Tine under skulebesøket på Sande.

 

På Sande var det Bjarte Inge Sørestrand som representerte Tine. Han prata mellom anna om jobbmoglegheitene som er i Tine, til dømes arbeid ved meieriet, ledelse og rådgjevar.

 

Når alle var ferdig med presentasjonsrunden,  vart dagen avslutta med Kahoot. Alle spørsmåla var henta frå presentasjonane, og quizen skapte stort engasjement. Det vart premiering til dei tre beste, og kahooten synte at elevane hadde fått med seg veldig mykje av det som vart sagt.