Fredag 5. og laurdag 6.november samlast nye bønder frå heile Vestland fylke på Hardangerfjord Hotel i Øystese. Interessa for arrangementet har vore svært stor, så stor at hotellet vart fullbooka og vi måtte lage venteliste. Med over 80 deltakarar ser me fram til ei kjekk og interessant samling.

Deltakarane på samlinga kan sjå fram til to innhaldsrike dagar med både fagleg påfyll, inspirasjon og erfaringsdeling frå andre bønder, og ikkje minst høve til å verte kjent med andre nye bønder frå heile fylket. 

Program for samlinga.