- Veldig kjekt
Leiaren i Viksdalen Bondelag, Erlend Brede Fossen, kan verte årets unge bonde.
- Det er spennande å vera nominert, seier Fossen.
Den unge bonden driv med både sau og ammeku i Viksdalen.
-Mat er noko alle treng kvar einaste dag. Difor er det både kjekt og meiningsfylt og vera matprodusent.
Treng stemmer
For å vinne den gjeve tittelen treng 30-åringen stemmer.
- Det hadde vore kjekt om nokon frå Sogn og og Fjordane kunne blitt årets unge bonde.
Kva tilbakemeldingar har du fått så langt?
- Eg har fått fleire gratulasjonar, det set eg pris på.
Ynskjer du å stemme på Fossen, klikk her.