Valnemnda ynskjer innspel på kandidatar
- Vi er komne godt i gong med arbeidet, men vi etterlyser innspel på dyktige kandidatar til styreverv i Sogn og Fjordane Bondelag seier leiar i valnemnda Anne Moen.
Styremedlem Elin Haugen har takka nei til vidare verv i fylkeslaget etter å ha site 6 år i styret. Det same har 1. vara Bjarte Myren og 2. vara Margunn Bjørkelo gjort, held Moen fram. For valnemnda er det avgjerande å få inn framlegg til gode kandidatar frå heile fylket, men vi etterlyser særskild namn på kandidatar frå Sunnfjord og gjerne kvinner. Har du namn på ein dyktig grøntprodusendt i fylket som du meiner kan gjere ein god jobb i styret til Sogn og Fjordane Bodnelag er vi svært glade for det. - Skal vi lukkast treng vi eit engasjement frå lokkallaga og medlemer som kan kontakte oss med namn på gode kandidatar, seier ei tydeleg Moen.
Styret har gjennomført samtale med det sitjande styret og arbeider no vidare med å finne gode nye kandidatar som kan gjere ein jobb saman med resten av styret. Flott om du kan sende inn namn på konkrete kandidatar før 7. januar 2013.
Innspel kan sendast skriftleg til sogn.fjordane@bondelaget.no eller de kan kontakte ein av medlemene i valnemnda med innspela dykkar. Valnemnda er sett saman slik:
Anne Moen, Eid - leiar
Jan Arve Midtbø, Norddalsfjorden, Flora
Lars Egil Viken, Viksdalen
Per Gunnar Gilleshammer, Kjølsdalen, Eid
Henny Karin Molland Skildheim, Luster
Margun Myrmæl Øren, Gaular