Valnemnda er i rute
Valnemnda i Vestland Bondelag har jobba godt fram mot årsmøtet. No er dei samla på Gloppen hotell saman med fylkesstyret.
Valnemnda nytta høvet til å møte fylkesstyret då dei hadde styremøte i Gloppen. Styremedlemene vart intervjua kvar for seg for at valnemnda skal kunne gje ein god innstilling til årsmøtet.
Både styret, valnemnda og tilsette har hatt fine dagar med godt arbeid og mykje god lokalmat på Gloppen Hotel.