- Utfordringar med beiteskade
Hjorteskadar på dyrka mark har auka, no ber nestleiaren i Sogn og Fjordane Bondelag fleire søke skadefellingsløyve.
NESTLEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Ole-Ivar Åm Sognnes.
- Fleire aktørar oppfordrar til 3.slått. Det kostar bøndene både tid og pengar å gjennomføre, difor må det vera aksept for å søke om skadefellingsløyve.
Det seier Ole-Ivar Åm Sognnes, nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag. Han fortel om relativt høgt beitepress frå hjort i sommar, der hjorten har gjort skade på innmark.
- Me prøver å berge avlingane våre, og med årets sesong er det heilt avgjerande å hauste alt grovfôret me klarar. Det er ikkje så lett å få til når hjorten skadar avlingane våre.
Forventningar til kommunen
- Søknad om skadefelling av hjortevilt skal sendast til kommunen, seier Sognnes.
Han forventar at kommunane har resursar til å handsame søknadane, og brukar kort behandlingstid.
- Det er viktig å gjennomføre dette før skadane blir for store.
Oppmodar folk om å ta jegerprøven
- Hjortejakta startar 1.september, før det kan folk ta jegerprøven og vera klar til jakta startar
Åm Sognnes ber også grunneigarane skyte tildelt kvote i år.
- Dersom ein ikkje jaktar sjølv, kan ein leige ut jakta til andre.
Åm Sognnes skreiv for eit tid tilbake eit lesarinnlegg om at hjortestammen i Sogn og Fjordane må reduserast. Lesarinnlegget fin du her.