Utfordringar for fleire i Sogn og Fjordane
Mykje vatn har det siste døgnet skapt utfordringar for mange i fylket. Spesielt hardt råka er kommunane Aurland og Lærdal.
- Me tenkjer på alle dei råka, seier fylkesleiar Per Hilleren.
Han tykkjer det er trist å sjå alle skadane nedbøren har ført med seg det siste døgnet. Stor vassføring i elvar, bakkar under vatn og stengde vegar er nokre av utfordringane fleire har møtt på i dag.
Forventar at regjeringa syner vilje
- No må regjeringa vise vilje og evne til å yte dei økonomiske rammene som trengst for akutte og langsiktige tiltak i desse kommunane og andre kommunar som er råka av naturkreftene, fortel han.
Sjå video frå NRK Sogn og Fjordane her:
http://www.nrk.no/sognogfjordane/sja-elva-sine-herjingar-1.12013103