Utfordrar samarbeidspartia

- Eg håpar samarbeidspartia set foten ned og rettar opp det som er skeivt og gale. Vår jobb framover vert å få politikarane til å sjå kor graverande landbruksmeldinga er, seier Nils Magne Gjengedal i ein kommentar i i Firda Tidend.
Nils Magne Gjengedal er ein engasjert styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag, og han er ikkje nådig i sin dom over jordbruksmeldinga i kommentaren i Firda Tidend. – Dette er det verste eg har sett sidan eg tok over garden på 1980-talet, seier Nils Magne Gjengedal om landbruksmeldinga. Han set si lit til at KrF og Venstre set foten ned
Nils Magne driv gardsbruk i Gjengedalen i Hyen med mjølk og kjøt. Om sommaren driv han stølsdrift i Naustdal/Gjengedal Landskapsvernområdet. Han kjenner på ei uro for framtida og rekrutteringa til næringa i utkantane. Mellom anna ser han store utfordringar ved regjeringa sine forslag som svekkar marknadsordningane for alle dei ulike produksjonane.
Du kan lese artikkelen med Nils Magne sine kommentarar til meldinga i avisa Firda Tidend