Utdanningsval og deltaking på utdannningsmesse
Søknadsfristen for vidaregåande utdanning er om ein månad. Vestland bondelag jobbar for rekruttering til næringa og deltok førre veke på den årlege utdanningsmessa i Bergen.
Naturbruksutdanning er eit godt alternativ for dei som er glad i ein kombinasjon av praktiske og teoretiske fag. Vi treng rekruttering til næringa! For å synleggjere naturbruksutdanning og behovet for rekruttering til næringa deltok Vestland bondelag på den årlege utdanningsmessa i Bergen førre veke. Messa har omlag 100 stands og ca. 8000 besøkande. Standen om naturbruk var eit godt samarbeid mellom Fylkeskommunen i Vestland, Felleskjøpet, Vestland Bondelag og dei fire skulane som tilbyr naturbruk, Mo og Øyrane vgs (snart Førde vgs). Voss vgs, Stend vgs og Sogn jord- og hagebruksskule.
Nest best
Standen vart kåra til den nest beste standen på messa, berre slått med 4 stemmer. Standen var godt besøkt og Vestland bondelag håpar fleire er blitt klar over moglegheitane som er ved naturbruksutdanninga. Det er mange som tenker dei ikkje har så mange valgmoglegheiter om dei vel ei utdanning innan naturbruk. Det er viktig å få fram at ein til dømes kan bli sjukepleiar, politi eller vætrinær sjølv om ein vel naturbruksutdanning.
Informasjon om skulane
Nygjerrig på naturbruksutdanning? Nedanfor kan du finne informasjon om utdanningsvegane ved dei ulike vidaregåande skulane i Vestland:
Mo og Øyrane vgs (snart Førde vgs)
Vi delte ut grønnkålchips, traktorchips frå Felleskjøpet og smoothie laga ved hjelp av trimsykkel
Vi hadde trekning fleire gongar om dagen på kvissen vår. Felleskjøpcapsen var ein poplær gevinst saman med bondegensar!
Eine aktiviteten var å lage smoothie ved å sykle.
Litt av gjengen som stod på stand - godt fornøgd med 2.plassen!