Utanlandske arbeidstakarar i verksemda di?
Skatt vest inviterer deg til informasjonsmøte i Sogndal, Førde og Nordfjordeid komande måndag og tysdag.
Det er nokon papir og kunnskap som er naudsynt når du sysselset arbeidstakarar frå utlandet. På møta komande veke vil det bli orientert om følgjande:
- Korleis registrere utanlandske arbeidstakarar i Noreg
- Kva dokumentasjon må leggjast fram ved ID-kontroll
- Kva er skilnaden mellom D.nr. og P.nr.
- Kva er det som skal rapporterast inn som løn
- Kva for skilnad er det mellom arbeidstakarar innanfor eller utanfor EØS-området
- Kva for ein tariff er det som gjeld
Møta vert skipa til på følgjande stader og til følgjande tidspunkt:
Sogndal – på Quality Sogndal hotell– Måndag 11. juni kl. 17:00 – 19:30
Førde – på Rica Sunnfjord hotell – Tysdag 12. juni kl. 17:00 – 19:30
Nordfjordeid – på Bryggen hotell– Tysdag 12. juni kl. 17:00 – 19:30