Ung bonde tek over leiarvervet i Osterøy Bondelag
Med sine 22 år er Asgeir Presttun (midt i biletet) truleg den yngste leiaren av eit lokallag i Vestland. - Skikkeleg kjekt når unge bønder tek på seg leiaransvaret i lokallaget seier Ole Bjarne Hovland som representerte fylkeslaget i årsmøtet.
Lokallaget har god dialog med kommunen og engasjerer seg i saker som vedkjem næringsutvikling og grøn omstilling i kommunen. Laget har kome med innspel til kommunen i sak som vedkjem styrking av den veterinærtenesta. Noko som gav positivt vedtak med ei auking i løyvinga.. Lokallaget, er som mange andre lokallag i fylket, opptekne av å finne ei løpysing for handtering av landbruksplasten. Saka er ikkje løyst, og lokallaget har dialog med kommunen på korleis dette skal kunne løysast.
Deler av møtelyden på årsmøtet i Osterøy Bondelag
Den store saka i årsmøtet var kva lokallaget skulle gjere med tomta på 9 dekar som det lokale Bondelaget eig. Eigedommen vert mellom anna nytta som oppsamlingsstad for puljelevering av sau og lam. Det vart sett fram 2 framlegg i møtet. Det vart gjort vedtak om at Osterøy Sau og Geit overtek tomta under føresetnad av at styra i det lokale Bondelaget og lokallaget av Sau og geit vert samde om vilkåra for overdraginga.
Vidare var både medlemskontingent, kvardagsbondelaget si evne til å hjelpe når einskildmedlemer slit og landbrukspolitikk med fokus på struktur og geografi på agendaen. - Ein mangfaldig kveld med gode innspel og diskusjonar, oppsummerer Ole Bjarne Hovland som var glad for å få møte medlemer i nye lokallag for han Hovland ynskjer den unge leiaren og styret i Osterøy Bondelag lukke til med eit nytt arbeidsår.
Unge, blide tillitsvalde i Osterøy Bondelag f.v. Øystein Njåstad, Asgeir Presttun og Torstein Skjerping
Osterøy Bondelag tel 139 medlemer og årsmøtet vart skipa til i Hauge Ungdomshus. Asgeir Presttun har med seg følgjande medlemer i styret: Øystein Njåstad, Eileen Aasheim, Gerd Kain Njåstad. Torstein Skjerping er 1. vara.