- Norsk landbruk er viktig, og då er det viktig at me alle gjer det me kan for å bidra til betre tilhøve for den norske bonden, seier Anne Lise Heggheim. 18-åringen frå Kjølsdalen stod tidleg opp og sette seg bak traktorrattet kl 6.15 for å bli med i traktorkolonna som gjekk frå Nordfjord til Lærdal, 10.mai. - Eg bestemte meg ikkje før kvelden før, så pappa var oppe på natta og laga skilt til traktoren slik at eg kunne sove og vere utkvilt til den lange køyreturen. Han gjekk og la seg då eg stod opp, ler Anne Lise. 

Anne Lise går andre året på landbruk og gartnernæring på Øya vidaregåande skule i Trøndelag, og gler seg til ho har fullført agronomutdanninga om eit år. Ho har alltid tenkt å ta ta over garden heime i Kjølsdalen der familien driv med mjølkeproduksjon. Men framtidsutsiktene er ikkje like positive som ho skulle ynskje det var. - Å vere bonde er ein utruleg viktig jobb, me treng jo alle mat opp til fleire gonger for dagen. Men slik det er blitt no er det vanskeleg å sjå ei framtid som bonde. 

Traktoren og Vossakassa var pynta med skilt der det stod "Kjølsdalen Bondelag på vegen for norsk mat!", "Ung Bonde", "Jenter i landbruket", "Gje bonden ei inntekt å leve av", "Norge treng bonden". Framme hadde ho hengt opp skiltet "Møkkatilbod! Tut for norsk mat!". - Det var mange som tuta og helsa medan me køyrte. Vi fekk tommel opp, og nokon hadde til og med stilt seg opp med flagg. Det var veldig kjekt å sjå støtta me fekk undervegs frå folk som stod langs vegane, og andre medtrafikantar, seier Anne Lise.

Ho var den som hadde køyrt lengst i kolonna då ho kom til Haabakken i Lærdal. - Det er imponerande når ein ser eit slikt engasjement frå ungdommen, det gir ein trua på framtida, sa styremedlem Kari Sigrun Lysne frå Lærdal. Anne Lise rakk fram rett før traktorkolonna skulle vidare frå Lærdal mot Oslo, og ho vart med kolonna til Borgund før ho valde å snu tilbake. - Det var nesten litt trasig å snu, eg kunne godt tenkt meg å blitt med heile vegen, seier ho. 

Viktig med køyrekomfort og ein matbit når ein skal på langtur. 

Men det vart nok traktorkøyring, for først kl 21.30 kunne ho sløkke traktoren heime på tunet. - Turen heimtt gjekk igrunn raskare enn eg hadde forventa, og eg var overraskande lite stiv i rygg og nakke etter ein så lang tur. Men eg hadde god traktor med godt traktorsete og det hjelpe nok på. Uansett så var det verdt det, det er viktig å stille opp, seier Anne Lise. 

Plakaten som hang framme på traktoren til Anne Lise vart flytta over på traktoren som skulle til Oslo, og den nådde heilt fram til politikarane på Stortinget, her ved Geir Pollestad og Trygve Slagsvold Vedum frå SP. - Veldig kjekt å sjå at skiltet mitt kom heilt fram til Stortinget. Eg hadde igrunn lyst til å køyre heile vegen eg òg, men det var kanskje nok å køyre til Borgund, seier Anne Lise.