Tusen takk
- Eg fekk berre ja og positive tilbakemeldingar, då eg spurte etter gevinstar til det årlege lotteriet på fylkesårsmøtet, seier varamedlem til fylkesstyret Nils Magne Gjengedal. Inntekta frå lotteriet vart i år delt mellom Utviklingsfondet sitt prosjekt i Malawi og hjelpearbeidet i Ukraina. Utfordringa om å gje går vidare til fylkeslag og andre som skal samlast framover våren.
Norges Bondelag har i samarbeid med Utviklingsfondet eit utviklingsprosjekt i Malawi. I fleire år har det vore gjennomført "basar" i fylkesårsmøta for å samle inn pengar til dette prosjektet. - I år vedtok fylkesstyret å dele det innsamla beløpet i to og gje halvparten til hjelpearbeidet i Ukraina, seier Nils Magne Gjengedal. Totalt kom det inn over 30.000 kroner som no er på veg til to gode formål frå deltakarane på årsmøtet i Vestland Bondelag.
Tusen takk
Fylkesstyret ynskjer å takke alle som har medverka med gåver til utloddinga: FLOR, Felleskjøpet på Voss, Felleskjøpet i Sogndal og Felleskjøpet Rogaland Agder, Tine, Nortura, Ullensvang Fruktlager, Sogn Frukt- og Ciderlaug, AK Maskin i Førde og Eiksenteret i Førde, Lerum Fabrikker, Sogn og Fjordane Sau og Geit, Bakar Jon på Byrkjelo, Landbrukstenester Folgefonna, Jan Helge Hjelmeland, Lars Peter Taule, Nils Magne Gjengedal, Kari Valland som kom med fleire flotte strikka gåver, Norges Bondelag og Vestland Bondelag.
Til sist tusen takk til dykk som hjalp til med å spørje, til loddseljar og til alle som kjøpte lodd.