Trillar terning på partiprogramma
Dei komande dagane legg Sogn og Fjordane Bondelag ut ni videoar. Her blir partiprogram vurdert, og politikarar utfordra.
FRÅ VENSTRE: Marianne Kvalvik Kvamme (styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag) og Anders Felde (Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag).
- Målet er å få fokus på dei politiske partia sine program, og med det få fokus på kor dei vil med landbruket den neste 4-års perioden. Dette dreiar seg mest om kva som skal bli, og ikkje det som har vore, fortel fylkesleiar Anders Felde.
Fyrste video kjem i kveld, og Felde håpar på stort engasjement.
- Eg håpar folk får det med seg. Eg ynskjer meir diskusjon rundt landbrukspolitikken både i media, og rundt kjøkkenbordet.
I kveld står Miljøpartiet De Grønne på programmet.
- Eg håpar valvideoane bidreg til at matpolitikk blir litt av grunnlaget for det partiet folk vel å stemme på.
Liste over når dei ulike videoane kjem:
- Onsdag 30.august: MDG
- Torsdag 31. august: Frp
- Fredag 1. september: Ap
- Laurdag 2.september: Sv
- Søndag 3. sepptember: H
- Måndag 4. september: Sp
- Tysdag 5. september: V
- Onsdag 6. september: Krf
- Torsdag 7. september Raudt
Rekkjefølgja er trekt heilt vilkårleg i ei loddtrekning.