Tre skuletimar om landbruk!
- Ikkje verst å få snakke til SEKSTI 10.-klassingar om naturbruk og landbruk, oppsummerer Kari Heggenes Kvammen, leiar i Manger Bondelag, etter besøket på Radøy ungdomsskule.
Besøket kom i stand etter avtale med rådgjevar på skulen, Rolf Espenes, og det var sett av ein time til kvar tiandeklasse. Tre skuletimar i alt!
Det var utdannings- og yrkesval som stod på tapeten. I dette høve la me vekt på konkret informasjon om mogelegheitene innafor næringa vår. Me var innom både naturbruksskulane i fylket, aktuelle jobbar, mogelege arbeidsgjevarar - og ikkje minst kor meiningsfullt det er å jobbe med landbruk og matproduksjon, fortel Kari etter økta.
Silje Namtvedt frå Landbrukstenester Hordaland informerte spesielt om mogelegheitene lokalt:
- Her på Radøy og i Nordhordland har vi eit sterkt landbruksfagleg miljø, med stillingar innafor både yrkesfag og høgare utdanning. Til dømes tilsette på landbrukskontora i kommunane, rådgjevarar hos Tine, landbruksavløysarar på gardbruka - og sjølvsagt mange flinke bønder. Me treng dyktige fagfolk på alle nivå framover, og dersom de har lyst til å ta avløysarkurs, kan de kontakte meg, oppmoda Silje.
Tiandeklassingane på skulen er no inne i ei viktig tid med tanke på utdanningsval. Fleire har bestemt seg for yrkesretning, medan enkelte vurderer naturbruk. I dette høve hadde dei vitja Voss jordbruksskule for å få nærare innsikt i tilbodet.
Landbrukstunet Kompetanse organiserte vitjinga på Radøy ungdomsskule, og takkar skulen for samarbeidet.