- Travelt, men moro
Tysdag 27. september sorterte elevar ved Mo og Øyrane vidaregåande skule poteter.
- I dag sorterer me poteter. Dei dårlege skal ein stad, dei som skal nyttast til dyrefôr skal ein anna stad og potetene me sel skal i sekker.
Nils Jørgen Helgheim er lærar i planteproduksjon på skulen. Han er også driftsleiar for gartneriet. Helgheim let vel over jobben og fortel han har vore ansatt sidan 1978.
- Eg likar meg veldig godt, arbeidet er variert og spennande. Norskprodusert mat er viktig, difor er det kjekt å lære opp nye generasjonar.
På skulen har dei mellom anna 10 mål med poteter, troll, pimpernel, kerrs pink og aksel (tidleg potet).
- Me får gode tilbakemeldingar på potetene me dyrkar. Folk seier dei er gode på smak, og det motiverar.
- Eg skal bli bonde
- Det er travelt å sortere poteter. Eg har aldri gjort det før, så det er ei ny erfaring.
Vilde Seljeset fortel at ho hadde ansvaret for å gjere klar sekker til potetene, og at det var travelt.
- Eg vil seie det var hektisk, samtidig som det var kjekt å lære noko nytt.
Ifylgje Seljeset er potetene frå Mo veldig populære.
- Dei som selde poteter under matfestivalen Matamål på Sandane, gjekk tom. Det motiverar til å gjere ein ekstra innsats, når ein veit kundane likar maten me sel.
No går Seljeset fyrste året på Mo, når ho er ferdig er planen klar.
- Eg skal bli bonde. Eg er odelsjente i Hornindal, og skal ta over garden heime.