- Travelt å kombinere bondelivet og ferie
Einar Duvold er klar for ferietur, og leiaren i Gloppen Bondelag ser fram til gode dagar på Sørlandet.
LEIAR I GLOPPEN BONDELAG: Einar Duvold.
- I sommar skal eg på ferie til Lista. Det er heimstaden min, seier Einar Duvold.
Leiaren i Gloppen Bondelag driv eit bruk med 30 vinterfôra sauer, og fortel at dei er på fjellet alle, med unntak av tre kopplam.
- Når me reiser vekk har eg nokon som passar på dei. Eg jobbar utanom garden også, og i sommar har eg tre veker fri frå den jobben. Eine veka er eg på Lista, resten går med til slått og anna gardsarbeid.
Koplar ut i ferien
- Det er travelt å kombinere bondelivet og ferie, men det går bra.
Klarar du kople ut gardsdrifta når du er på tur?
- Det brukar å gå veldig bra. Er ein vekke, så er ein vekke.