Torunn Ommedal Aandstad ny leiar i Hyen Bondelag
- Eg veit ikkje heilt kva eg går til, men vi må alle bidra så no tek eg min tørn som leiar i Hyen Bondelag, seier Torunn Ommedal Aandstad
Det var på årsmøtet til Hyen Bondelag den 18.oktober i Eimhjellen Grendahus at Torunn vart historisk. Ho vart vald til den første kvinnlege leiaren i lokallaget. - Eg er ikkje så oppteken av det seier den nyvalde leiaren. Eg er meir oppteken av å medverke til at vi får sett fokus på saker som bøndene i Hyen er opptekne av. Då må nokon ta leiaransvar og denne gongen er det min tur til å ta ein tørn, seier ein spent nyvald leiar.
Elias Eimhjellen takka for seg etter 4 år som leiar.
- Merete Støfring representerte fylkeslaget på årsmøtet. Ho måtte tole litt spøk for ikkje å ha vore i grenda Eimhjellen tidlegare, men lova å ta seg ein tur til grendene i Hyen i dagslys ved seinare høve :) Det var ei triveleg ramme kring årsmøtet, i det som tidlegare hadde vore skulestova i grenda. På menyen stod ein fantastisk god gryterett og latteren sat laust kring bordet trass i at det nett no er mange vanskelege og viktige diskusjonar i landbruksnæringa.
Erik Ommedal delte ut høygaflar til Elias og Jakob Eimhjellen som gjekk ut av styret.
På arbeidsplanen til Hyen Bondelag i komande arbeidsår står mellom anna: Studiearbeid før jordbruksoppgjeret, medlemsmøte, motorsagkurs, temamøte om velferdsordningar saman med Bygdekvinnelaget, plast- og metallinnsamling, verving av nye medlemer og det vart også bede om frå årsmøtet at ein såg på moglegheiter for å samordne kontrollen av silotaljene i bygda. På adventskafeen vil det vere høve til å få sjekka brannslokkingsapparata sine. Mnge konkrete og nyttige oppgåver som medlemene set pris på. Fylkeslaget vil ynskje det nye styret lukke til med arbeidsåret :)
Styret i Hyen Bondelag 2018/2019: F.v. Torleiv Straume Jr., Torunn Ommedal Aandstad, Erik Ommedal, Elin Karin Hope og Ottar Hope. Lukke til :)