To kunnskapsretta seminar torsdag 27. mai
Advokatfirmaet Harris har eit miniseminar for medlemer i Vestland Bondelag der temaet er regulering av privat eigedom til offentlege utbyggingsføremål. Det andre seminaret er om solcelleanlegg på garden, og er ope for alle.
1 - Webinar om solenergi på garden
Vil du finne ut meir om moglegheitene for solcelleanlegg på garden din?
Dato: Torsdag 27. mai 2021 10:00 - 11:30
Stad: Teams (påkoblingslenke blir sendt etter påmeldingsliste).
Arrangør: Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Norges Vel, Innovasjon Norge og Norges Bondelag
Målgruppe: I all hovudsak gardbrukarar, rådgjevingstenesta og andre interesserte solelskarar.
Sjå meir informasjon om seminaret og påmelding i denne lenka hos Statsforvaltaren i Vestland.
2 - Ekspropriasjonsrett - Grunnerverv
Advokatfirmaet Harris har eit miniseminar for bondelagsmedlemmene i Vestland. Kva rettigheiter gjeld og korleis bør grunneigaren stille seg når eigedomen hans/hennar vert regulert til offentlege utbyggingsføremål?
Dato: Torsdag 27. mai kl 13:00 – 14:00, 45 min kurs – 15 minutt for spørsmål
Stad: På Teams. (påkoblingslenke blir sendt etter påmeldingsliste).
Arrangør: Vestland Bondelag i samarbeid med advokatfirmaet Harris.
Det er gratis å delta.