Tid for vårbeite
Det vårast ute, og vi har hatt ein prat med ulike lokallag rundt omkring i Sogn og Fjordane for ei lita statusoppdatering. Har dyra kome på beite?
Hjå Ingvill Tronrud i Lodalen har boergeitene og hestane kome ut på beite. Her storkosar dei seg i vårsola, både to-føtingar og fir-føtingar.
Både hestane og boergeitene til Ingvill Tronrud kan boltre seg i eit postkortmotiv.
På Stadlandet hjå Svein Per Ervik er våronna godt i gang og naboen har fått sauene ut på beitet.
Små og store er ute og nyt vårsola.
I Gaular Bondelag går våronna sin vandte gang og fleire plassar har dyra fått komme ut på beite.
Storleik er inga hindring for å bli gode vener :) Bilete frå Silje Myrmel Øren.
Kristoffer Hauken har fått seg ein fin liten kompis. Bilete frå Thea Johanne Hauken
Bilete frå Thea Johanne Hauken
Stas å vere ute. Bilete frå Nora Birkeland.
I Luster hjå lokallagsleiar Andreas Wiese er det travle dagar med lamming og førebuingar til buføring av 60 mjølkegeiter og ammekyr til heimestølen. Påsettkjea skal straks ut på beite og i ledige stunder i lamminga blir det planta epletre og bærbusker i den nye frukthagen.
Godt med selskap når ein plantar ut epletre.
Det vårast i Luster.
Påsettkjea gler seg til å komme seg på beite...
...og geitene er klare for å gå til heimestølen.