Tek med seg tilbakemeldingane til Oslo
Under Sogn og Fjordane Bondelag sitt leiarmøte, var det bra engasjement og gode diskusjonar.
- Det er alltid kjekt å kome til Sogn og Fjordane, seier Arild Bustnes.
Han er næringspolitisk sjef i Norges Bondelag, og han prata mellom anna om vegen fram til Stortingsvalet 11. september 2017.
- Under leiarmøtet i Førde ville eg få fram kva som står på spel fram mot valget, og innsatsen me faktisk må legge ned framover.
Bustnes fortel at han fekk mange innspel i løpet av møtet, og at dei blir med han attende til Oslo.
-Me legg stor vekt på innspela til fylka, og under dette møtet har det vore gode diskusjonar og tydeleg tale. Eg har hatt store øyrer og liten munn. Det å få lytte og prate med aktive tillitsvalde, er ekstra gjevande for oss som er ansatt i Bondelaget.
- Viktig å vera der
- For meg var det viktig å vera til stades, og høyre kva som var viktig på leiarmøte til Sogn og Fjordane Bondelag.
Det fortel Bjørn Gimming. Han er 1. nestleiar i Norges Bondelag, og han let vel over det han såg på møtet.
- Det var ei aktiv forsamling, som hadde gode innspel. Me har notert mykje, og innspela tek me med oss vidare i arbeidet.
I tillegg til å lytte, fekk Gimming sjans til å fortelje om arbeidet til Norges Bondelag.
- Det er kjekt for oss i Norges Bondelag, å fortelje lokallaga kva me jobbar med. Oppgåvene me har fokus på akkurat no, er mellom anna statsbudsjettet, jordbruksmeldinga som kjem og valget til neste år.
Nøgd fylkesleiar
- Leiarmøtet har vore veldig veldig bra. Me hadde også gruppearbeid, der ein fekk sjans til å diskutere med både Bustnes og Gimming frå Norges Bondelag.
Felde er glad for at Bustnes og Gimming tek med seg innspela dei fekk, attende til Oslo.
- Det er bra. Det kom mange gode innspel på kva verkemiddel ein skal satse på i framtida, for å få utvikle vestlandsjordbruket på ein god måte.
- Kva håpar du folk på leiarmøtet tok med seg heim?
- At dei skal ha fleire møter med politikarar, verve nye medlem og arrangere fleire Open Gard arrangement. Samfunnet skal merke at landbruket i Sogn og Fjordane er aktivt, og fantastisk. Målet er å vera endå meir synlege i framtida.