Team Vestra Glaset vann landbruksquiz
Modalen Bondelag arrangerte landbruksquiz på Sjøbua på Eidsland førre veke. Premien var den nye t-skjorta med "Kæ seie bonden".
18 ivrige deltakarar møtte opp, då Modalen Bondelag arrangerte landbruksquiz på Sjøbua på Eidsland. Sjøbua stillte med flotte lokaler, kjempegod pizza og open bar. Sjølv om me hadde håpa på litt fleire deltakarar vart det ein veldig triveleg kveld!
Jan Arild Steinsland og Ann-Jorunn Farestveit delte på oppgåva "quizmaster" og stillte spørsmål som Kva farge er det på huset i songen "jeg vil bygge meg en gård"? Er Filippa ei potet, eple eller plomme? Kva land i Europa er det einaste der låvesvalen ikkje hekkar?
Kva år kom ekstra lettmjølk på markedet? Kva betyr ordet "bonde"?
Deltakarane måtte kjempa seg gjennom 3 quiz-rundar pluss "ropespørsmål" der den som ropte rett svar fyst fekk sjokolade (det var då laurdag!)
Team Vestra Glaset stakk av med sigeren og fekk kvar si "Kæ seie bonden" -t-skjorte. "Farestveit Quiz" og "Fjøsnissane som ventar på betre tider" fekk 2 og 3 plass og sjokolade.
Me vil takka Sjøbua for god bevertning og alle som stillte opp og var med på quizen!
Tekst og foto: Modalen Bondelag