Anne Kari Herlofsen Nes har vore ein trufast styremedlem i Veitastrond Bondelag sidan 1989.  I alle desse åra med eit par års pause tidleg på 1990-talet har Anne Kari vore kasserar i laget. I ein alder av 24 år vart ho vald inn i styret, så det er ingen pensjonist som no tek ein pause frå vervet i lokallaget, held Hilleren fram.  Med godsaker frå den lokale butikken fekk Nes si vel fortente takk. 

Veitastrond ein flott sommardag i 2020. Veitastrondsvatnet lengst bak i biletet

Veitastrond har eit levande landbruksmiljø med mange dyktige bønder.  - Landbruksnæringa er ein berebjelke i bygda vår, og slik ynskjer vi også at det skal vere framover.  Difor treng vi eit dyktig faglag med menneske som gjev av si tid til glede for fellesskapet held Hilleren fram.  Vi treng desse menneska både på grasrota og lenger oppe i organisasjonen.  Utan eit levande engasjement og eit hjarte som brenn for å utvikle norsk matproduksjon vert landet vårt fattig.   

Hilleren sjølv held fram som leiar i lokallaget og Åse Ruud vert ny styremedlem etter Anne Kari H. Nes.