I sin grunngjeving la juryen vekt på at Sveio Bondelag har hatt jamn og god aktivitet i mange år, og komt høgt opp i nomineringsprosessen fleire gonger.

I 2012 har dei jobba godt i styret, ovafor medlemene og ”folk flest”. Ikkje minst har dei gjort ein flott innsats for rekruttering til næringa.

Her er lista over aktiviteten til lokallaget, som Clara leste opp:

  • 5 styremøte med aktuelle fagtema og 4 medlemsmøte
  • Sosial sammenkomst for medlemer
  • Aktiv verveinnsats
  • Deltaking på regionmøte, årsmøte og leiarmøte
  • Deltaking i påskeaksjonen med utdeling av egg utafor butikken
  • Dei var aktive under brotet i jordbruksforhandlingane, og organiserte traktoraksjon og brødhamstring. Dei sendte 9 medlemer til opptoget i Oslo, fem av desse var ungdomar.
  • Dei har arrangert Open Gard
  • Dei har besøkt ein jordbrukssule og hatt informasjon om næringa for elevane.
  • Dei har stilt opp for heile fire 4H-klubbar med pengestøtte og deltaking på haustfest.
  • Dei har samarbeida aktivt med Landbrukstunet Kompetanse, spesielt knytta til ordninga med ”Vertsbonde”. Det vil seie besøk på skulen og elevar frå skulen har vore på praksis hos leiaren i lokallaget.

Jan Holger Hamre og Frode Handeland frå årets lokallag, Sveio Bondelag