Styreseminar i Jølster
Fylkesstyret i Sogn og Fjordane Bondelag reiser på styreseminar 30.september - 1.oktober.
På programmet står mellom anna tema som styreleiing, samhandling, skilje mellom sak og person, utvikling av styret og mediekontakt.
Astri Liland frå Norsk Landbrukssamvirke vil vere kursansvarleg.
I tillegg vil kurset bli avslutta med ein sekvens om sosiale media leia av Marita Skeie. Ho er tilsett som fyrstekonsulent ved kontoret vårt i Førde.