Direktør i Innovasjon Norge, Nina Broch Mathisen, delte ut heider og ære og 50.000 kroner til Strilalam. Prisen går til nokon som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i bygdenes og landbrukets ressursar.

Kandidatane vert vurdert etter:

  • Økonomisk resultat/lønsemd
  • Sysselsetting, særleg for kvinner og ungdom
  • Sosial og miljømessig berekraft, herunder utnytting av lokale ressursar, fortrinn og ringverknader i lokalsamfunnet

Strilalam BA er eigd av seks gardbrukarar, og vart stifta i 2006. Dei har eige slakteri, og produserar kortreist og lokalt foredla kjøtt frå Sotra og omegn. 

Den årlege kåringa var den 19. i rekka, og vinnar i fjor var Ostegården, ved Jørn og Ruth Hafslund. Vinnarane deltek i konkurransen om den nasjonale prisen på 250 000 kroner. Innovasjon Norge står bak prisen, og Hordaland Bondelag er med i juryen.