Stortingsrepresentant på beitetilsyn
- Fleire Stortingsrepresentantar bør gjere som Lene Westgård-Halle, og setje av ei sommarferieveke til å verte betre kjend med norsk næringsliv seier Ole Bjarne Hovland, som er nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag
Laurdag 18. juli hadde Ole Bjarne Hovland med seg Stortingsrepresentant og rovviltpolitisk talsperson i Høgre, Lene Westgård-Halle på beitetilsyn på Filefjellet. I fjellområda mellom Årdal og Lærdal har Ole Bjarne kring 370 sau og lam på beite. Westgård- Halle og organisasjonssjefen i fylkeslaget Merete Støfring fekk innføing både i teknologisk og praktisk tilsyn. Begge måtte laste ned appen FindMy på telefonen. Der kunne dei sjå kvar dei sauene som går med radiobjøller gjekk og beita. Det var lett å sjå at sauene beiter i eit svært stort geografisk område.
Sidan vart kikkerten eit uunværleg hjelpemiddel. Saman med slips på kvar sau i ulik farge, som fortel kor mange lam sauen skal ha, kunne gjengen på tur finne ut om det var rett tal lam som følgde sauene som vart sett.
Innføing i Findmy og bruk av radiobjølle. Teknologiutviklinga i norsk landbruk står ikkje stille. I tilsyn på sau vert tradisjonelt tilsyn i utmark kombinert med teknologiske løysingar. F.v. Lene Westgård-Halle som representerer Vestfold Høgre på Stortinget og nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Ole Bjarne Hovland.
Ein god kikkert er også viktig i tilsynsarbeidet
Litt "gotteri" i lommen til sau som ein finn er også viktig - samstundes skodar bonden etter fleire sauer
Dette vart jammen ein fin dag i fjellet kom samstemt frå alle tre som var med på turen. Dialogen kring tilsyn, rovviltpolitikk og landbrukspolitikk meir generelt var god. Den ytre ramma kring dialogen kunne ikkje vore betre. - Eg tek gjerne imot fleire politikarar som ynskjer å lære og bygge kunnskap om politikkområda dei er sett til å ta avgjerder om, seier Hovland. Eg håpar fleire Stortingsrepresentantar føl etter Stortingsrepresentant Westgård-Halle sitt flotte initiativ.
Mykje snø i fjellet gjev friskt gras for sau og lam heile beitesesongen. Nytt å lære for både Stortingsrepresentant og organisasjonssjefen på tilsynsturen. Ein lærer best ved å gjere, ved å oppleve, ved å sjå, ved å lytte, ved å setje av tid til å kome seg utanfor "glansbiletet" og ved å utfordre meiningane sine.
Ein fin dag i fjellet vart avslutta med svært god lunsj på hytta til Ole Bjarne Hovland si mor, Karin Hovland (t.h. biletet under).