Stort lag som evnar å tenkje nytt
- Covid 19 har også prega Eid Bondelag sin aktivitet i 2020, men vi går nytt år i møte og håpar at Covid 19 ikkje hindrar oss i å vere eit aktivt lag som tek tak i medlemene sine utfordringar, seier leiar Knut Tore Nes Hjelle.
Eid Bondelag hadde planlagt mange kjekke aktivitetar i 2020, som dei har måtta setje på vent. likevel har laget klart å oppretthalde noko aktivitet i form av jamnlege styremøte, innsamlingsordning for landbruksplast, møte med ordførar i lag med fylkeslaget og oppstart av fotoprosjekt av bønder i Eid.
Med dagens aukande smittesituasjon for Covid 19 kan nøkkelen til aktivitet framover verte digital. - Kjenner eg Eid Bondelag rett så finn dei på noko kreative arrangement der også, seier Ole Bjarne Hovland som representerte fylkeslaget i møtet på Nordfjord Hotel. Da vart ein kjekke kveld seier Hovland.
Styret og vara i Eid Bondelag passar på 1meteren f.v.: Runar Haugland, Ina Herstad, Knut Tore Nes Hjelle, Arve Dahl, Tom-Even Langø, Aamund Starheim og Nikolai Åshamar.