Stormfull vindkraftdebatt i Gulen
Temperaturen var høg då NVE stod som vertskap for høyringsmøte om vindkraftutbygging på Eivindvik Hotell tidlegare i veka. Vindmøllemotstandarane hadde mobilisert, og lokalet vart altfor trangt for dei ca. 130 frammøtte. Tidlegare bondelagsleiar Bjarte Nordanger var ein av dei få i debatten som talte for vindkraftutbygging. - Dette gir arbeidsplassar og verdiskaping, peika han på. Fleirtalet av dei som spurte og kommenterte, var derimot svært kritiske til planane.
Bjarte Nordanger gav også NVE påtale for feil val av lokale, noko møteleiar Arne Olsen frå NVE berre måtte slutte seg til. Salen var nemleg tettpakka, og ein tredel av møtedeltakarane måtte følgje presentasjonen over høgtalar frå siderommet.
3 vindkraftanlegg
Etter at NVE hadde orientert om handsamingsprosessen, presenterte representantane for utbyggingsselskapa SAE Vind og Zephyr dei konsesjonssøkte planane. Dei 3 anlegga representerer ei massiv vindkraftutbygging i Gulen, med store landskapsestetiske verknader om dei skulle bli realiserte fullt ut.
I Vest har SAE Vind planlagt Sandøy vindpark med 19 - 38 turbinar og planlagt årsproduksjon 220 GWh. Så kjem Brosviksåta vindpark frå same selskapet med 35 turbinar og ein produksjon på 380 GWh. Lengst i aust planlegg så Zephyr Dalsbotnfjellet vindkraftverk med 50 turbinar og årsproduksjon på 291 GWh. Desse 3 anlegga ville samla kunne dekke årsforbruket til 45.000 bustader med rein, fornybar kraft, vart det opplyst.
Motstand mot planane
Engasjementet mot vindkrafta var i utgangspunktet sterkt på møtet. Og temperaturen steig nok ytterlegare ved at arrangøren hadde late Kurt Oddekalv frå Miljøvernforbundet helde eit førebudd innlegg i kjent stil midtveges i møtet. Han var sterkt engasjert mot vindkraft, men brukte nok meir tid på å marknadsføre organisasjonen sin og rakke ned på lakseoppdrett, andre næringar og styresmaktene generelt.
Andre debattantar målbar vindmøllemotstanden med større tyngde enn Oddekalv. - Desse planane vil endre landskapsbiletet radikalt og øydeleggje mulegheitene for friluftsliv i nærmorådet, peika Jarle Nordgulen på i debatten. - Vindmøllene som vert bygde, har auka jamnt i storleik gjennom åra. Alle desse store møllene vil øydeleggje livskvaliteten vår, heldt han fram.
Fornybar energi mot landskapsomsyn
- NVE har ei krevjande oppgåve med å vege fordelar og ulemper mot kvarandre for vindplanane i Gulen og i nabokommunen Solund, sa prosejktleiar Terje Engvik frå Norges Bondelag. - Områda har svært gode vindtilhøve, og Norge har påteke seg plikter til å auke produksjonen av fornybar energi. - Produksjonen gir også lokal næringsaktivitet. - Samstundes er det tale om store landskapsinngrep i eit unikt kystlandskap, understrekte han. Han oppmoda alle engasjerte til å delta i høyringa til NVE med sakleg argumentasjon for synet sitt.
Det same gjorde avslutningsvis Arne Olsen frå NVE. Send oss klare høyringsinnspel til søknadene og konsekvensutgreiingane før høyringsfristen 12. mars, bad han om. Og innspela bør ikkje vere for lange, var oppmodinga.
Kontaktperson i Bondelaget: Prosjektleiar Terje Engvik, tlf. 975 17 111 og e-post terje.engvik@bondelaget.no.