- Stor stas å vinne
Kjølsdalen Bondelag er kåra til årets lokallag i Sogn og Fjordane.
LEIAR I KJØLSDALEN BONDELAG: Kjell Arne Heggheim.
- Eg hadde ikkje trudd at vi skulle klare det. Dette var over all forventning, vedgår Kjell Arne Heggheim.
Under Sogn og Fjordane Bondelag sitt årsmøte i Sogndal før helga, kunne lokallagsleiaren frå Kjølsdalen i Eid stolt motta beviset på at han leiar årets lokallag i fylket. Prisen var ein gåvesjekk til lokallaget på 10.000 kroner.
Kjølsdalen Bondelag får prisen mellom anna for sitt aktive vervearbeid. Lokallagsleiaren seier det har vore enkelt å verve nye medlemmer.
- Vi treff på folk. Seier så sant er at gardbrukarar bør vere medlem i Bondelaget. Så ringer vi gjerne opp og gjer det verkelege framstøtet. Studeleiaren vår og eg har lagt ned stor innsats, fortel Heggheim.
I tillegg til vervearbeid har lokallaget hatt fokus på kursing av medlemmene og sosiale samankomstar, og dei deltok aktivt i aksjonane i samband med jordbruksforhandlingane og det følgjande brotet. For innsatsen kan Kjølsdalen Bondelag altså gle seg over 10.000 kroner på konto.
- Pengane skal gå til noko som kjem medlemmene eller lokalsamfunnet til gode, lovar Kjell Arne Heggheim.
Juryen grunngjev tildelinga av Årets lokallag i Sogn og Fjordane slik:
Årets lokallag i Sogn og Fjordane har hatt god aktivitet gjennom året med ei rekkje arrangement som har styrka både det sosiale samhaldet, gitt medlemmene fagleg påfyll og gjort Bondelaget synleg i lokalmiljøet. Laget har mellom anna hatt kurs i varmearbeid, delteke i bålaksjonen, og arrangert studiering over tre kveldar i forkant av jordbruksforhandlinane. Då brotet i jordbruksforhandlingane var eit faktum, aksjonerte lokalaget ved å henge opp plakatar ved riksvegen.
Årets lokallag i Sogn og Fjordane har også støtta nytt skulekjøkken med 10.000 kroner.
Laget har i tillegg jobba hardt med verving, og ved nyttår hadde dei auka medlemstalet sitt med over 38 prosent.