Gulen og Masfjorden Bondelag er framme i skoa når det gjeld klimaarbeid. Leiar Normann Grimen deltok på klimakalkulatorkurs på Voss, og no har dei gjennomført sitt eige kurs for bøndene i området.

- Både lokallag, kommunane og Tine produsentlag for Gulen, Masfjorden og Høyanger sør har vore gode på mobilisering, seier klimakoordinator Lene Vangberg Monsen, som er nøgd med at så mange bønder møtte opp. Som tittelen antydar, skal Lene koordinere klimaarbeidet i Vestland. Ho har difor vore med å lage invitasjon, invitere klimarådgjevarar og kontakte kommunane.  

Deltakarane hadde med seg PC eller nettbrett, og alle fekk logga seg på klimakalkulatoren. Klimarådgjevarane Jan Asle Torstad (Tine), Helena Elvatun og Ove Sørestrand (NLR Vest) tok ein gjennomgang av kalkulatoren og sørga for at alle fekk ein klimahandlingsplan for garden sin.

Håvard Tveit frå Gulen kommune ønskte velkomen, og Lene Vangberg Monsen fortalde om prosjektet «Redusert klimaavtrykk frå Vestlandsjordbruket» (KlimaVest). Spydspissbonde Leif Arne Lirhus hadde innlegg om kvifor det er viktig å bruke klimakalkulator og om klimatiltak på eigen gard.

Det var mange som utrykte at dei var glade for at dei hadde vore med på kurset. Takk til Gulen og Masfjorden Bondelag for eit flott initiativ!