Juridisk avdeling svarar at dei forutset at det er snakk om utmark. Eigedomsrett er retten til å eige og å ha eksklusiv rådigheit over sin eigendom. Det vil seie innafor lovlege rammer, så lenge det ikkje strider mot andre sine rettigheiter i lov eller andre rettsreglar. Allemannsretten er ein av desse avgrensingane i eigedomsretten, og den kan du lese om i friluftsloven.

Grunneigars samtykke er naudsynt der aktivitetar fell utanfor allemannsretten eller friluftsloven.

I friluftsloven § 2 første ledd står det: "I utmark kan enhver fritt ferdes til fots (eller på ski når forholdene tillater det) året rundt, forutsatt at det skjer hensynsfullt og med tilbørlig varsomhet." I § 11 står det: "Enhver som ferdes eller oppholder seg på annen manns grunn skal opptre hensynsfullt og varsomt for ikke å volde skade eller ulempe for eier eller bruker eller påføre miljøet skade."

Friluftsloven § 2 er knytt til ferdsel. Å sette ut stolpar, merking av sti, opparbeiding av nye stiar, utsetting av turpostar, geocaching og stolpar for stolpejakt. er fysiske tiltak i eller på grunnen og fell difor utanfor § 2. Fysiske inngrep som dette krev i utgangspunktet løyve frå grunneigar.

Det er naudsynt med grunneigar sitt samtykke dersom nokon ønskjer å arrangere idrettsstevmner og liknande, med mange deltakarar og tilskodarar. Dette gjeld mellom anna ved start og mål, og på stader der ein må rekne med samanstimling av folk.

Det er naudsynt med samtykke frå grunneigar dersom arrangementet er av eit visst omfang, og at det er sannsynleg at det kan føre til "nevneverdig skade eller ulempe på det arealet som berøres av sammenstimlingen".

Det er berre krav om samtykke av grunneigarar som vert råka av sjølve sammenstimlinga i samband med arrangementet (som ved avsperring, samling, start eller innkomst). Kor grensen går for kva som er tillatt utan samtykke avheng av dei konkrete tilhøva i kvart enket høve (til dømes type aktivitet, kor mange folk, terreng og årstid). Moment som talar for at det er naudsynt med samtykke, kan vere at arrangementet truleg fører til skade på trær og vekster, forstyrrer viltet i yngletida, eller hindrar dyr på beite.

Kommunen sin adgang til inngrep - friluftsloven § 35

Det er eit mål å komme fram til frivillige avtalar om bruk av naturen, men der det ikkje er mogeleg, kan enkelte tiltak verte bestemt utan eigar eller brukar sitt samtykke (friluftslovens § 35).

Etter denne paragrafen kan kommunen varde og merke turruter og stiar i utmark, og kan på bestemte stader byggje kloppar eller bruer og setje i verk andre tiltak for å lette ferdselen langs turruter i utmark.

Kommunen kan også gi organisasjonar som har til formål å fremje reise- og/eller friluftsliv rett til å merke, varde og skilte ruter, turstiar og løyper i utmark. Kommunen kan berre gi tillatelse til konkrete tiltak etter søknad, og ikkje ein generell tillatelse (vedtak etter § 35 første til tredje ledd er som utgangspunkt enkeltvedtak som kan gi klageadgang for berørte partar.

Kommunen har også ein viss adgang til å ekspropriere (tvangsgjennomføre) tiltaket mot at eigar eller brukar får erstatning for inngrepet.