Fylkesleiar Anders Felde representerte fylkeslaget i årsmøtet.  Han melder attende om ein lærerik dag i ein kommune han ikkje hadde besøkt tidlegare.   I møtet var det gode diskusjonar kring økonomi, investeringsordningar, samarbeid med kommunen og gartnarutdanninga.  - Det er god fart i fruktsatsinga i kommunen og brukbart på sau, men det vart uttrykt uro på vegne av mjølkeproduksjonen i kommunen, seier Felde. 

Døme på arronderingstiltak for å legge til rette for gode eplefelt. 

Fylkesleiar Anders Felde sette stor pris på rundturen i kommunen der avtroppande leiar Stein Olav Kolås var sjåfør og guide.

Flott kulturlandskap i Ulvik

 

Det vart peika på at sosiale aktivitetar kan gje auka oppslutning og deltaking i lokallaget.  Elles har laget gode tilbod om kurs for medlemene.  Medlemsnytte må få fokus framover. 

Valnemnda hadde dessverre ikkje lukkast med å finne ny leiar som kunne ta over etter Kolås.  Styret fekk i oppdrag av årsmøtet og nemne opp ein kontaktperson som saman med resten av styret kan sikre framdrift i lagsarbeidet det komande året.  Styret er sett saman av Nils Vambheim, Kåre Olai Solheim, Torstein Hellesnes, Oddbjørn Sæbø og Nils Branstveit.  Rolf Tore Djønne er 1. vara til styret. 

Styremedlem Nils Vambheim (t.v.) og avtroppande leiar Stein Olav Kolås