Stein Kåre Karstensen held fram som leiar i Davik/Ålfoten Bondelag
25.oktober klokka 20.00 hadde Davik/Ålfoten Bondelag årsmøte.
PÅ ÅRSMØTE: Cirka 15 personar kom på årsmøtet til Davik/Ålfoten Bondelag.
Davik/Ålfoten Bondelag har hatt både styremøter og telfonmøte. Laget har også delteke på kurs/møter i regi av fylkeslaget. I tillegg har dei hatt studiering i samband med jordbruksforhandlingane.
Laget fekk også ein invitasjon frå Davik sokneråd til å vera med på ein hausttakkefest. Dette takka dei ja til, og fortalde der både om lokallaget og trygg, god mat.
Val og styret for komande år:
Leiar: Stein Kåre Karstensen
Nestleiar: Brynjar Myklebust
Kasserar: Magnus Endal
Sekretær: Idar Dombestein
Studieleiar: Kari Sognedal
Som varamedlem vart Jan Sandvik, Asle Indredavik og Arne Olai Midtbø valde.