Stavø attende i leiarstolen i Flora
Etter eitt år pause er Leidulv Beverli Stavø attende som leiar i Flora Bondelag. Flora Bondelag hadde sitt årsmøte på Askrova i slutten av oktober.
Fylkesleiar Anders Felde deltok frå fylkeslaget i møtet. Han kan melde om sterkt engasjement, der det mellom anna kom kritikk av resultatet av det forenkla jordbruksoppgjeret for sauebonden. Medlemene var også opptekne av at Norges Bondelag i sak som vedkjem fiske etter laks ikkje berre tek parti for dei som eig elvane. Mellom medlemene i Flora er det fleire som har grunneigarrettar knytt til laksefiske i fjorden.
Når det gjeld prioriteringane framover, er deltakarane i årsmøtet i Flora Bondelag mellom anna opptekne av betre vilkår for å investere på mindre bruk, arbeidsdelinga mellom ulike landsdelar når det gjled produksjon og inntekta til småfenæringa.
Glimt frå årsmøtet i Flora Bondelag på Askrova. Koronaoppsett er på plass.
Styret i Flora Bondelag etter årsmøtet:
- Leiar : Leidulv beverli Stavø
- Styremedlemer: Andre Espeseth, Øyvind Mjønerud, Torgunn Elisabeth Eikevik og Ove Kjetil Færøyvik.