Stabilitet i Oppstryn Bondelag
- Vi prøver å halde på ein stabil aktivitet med eit stabilt styre, smiler attvald leiar i Oppstryn Bondelag Mathilde Dolen Nesje
- Eg har med meg ein triveleg og stødig gjeng med jordnære karar i styret så vi tek ikkje av, men vi prøvar å jobbe på det jamne og utføre oppdrag frå fylkeslaget og Norges Bondelag på beste vis. Samstundes engasjerer vi oss i saker som opptek medlemene. Nett no er vi uroa for om det vil bli ei tilfredsstillande ordning for henting av landbruksplast til våren. - Vi er kjende meg at tenden har liggande 300 tonn med landbruksplast på lager, og da er ikkje bra. Grønt Punkt må verkeleg ta tak i denne saka, for vi kan ikkje ha ein situasjon der bøndene betalar avgift på plasten for å sikre leveranse til retur, og så fungerer ikkje den ordninga, seier Dolen Nesje bestemt.
På årsmøtet vart det via ekstra fokus på Alva Samdrift som har investert i ny fjøs i Erdalen. Dei orienterte om drifta og fekk merksemd frå lokallaget. - Da er heilt flott at bøndene i bygda satsar for framtida avsluttar ein nøgd leiar.
Styret i Oppstryn Bondelag. I midten står leiar Mathilde Dolen Nesje og nestleiar Hans Olav Nesheim flankert av resten av styret. F.v. Per Ivar Skåre, Kjetil Rune Tunold, leiarduoen, Rolf Olav Gjørven og Åmund Berge.