Sommarferie på Bondelagskontoret
Sogn og Fjordane Bondelag vil frå og med veke 28 til og med veke 31 ha delvis feriestengt kontor, men vi les e-post med ujamne mellomrom.
I perioden 11. juli til 15. august avviklar vi ferie på kontoret i Førde. Det vil vere heilt stengt i veke 28 og 31, medan det vil vere folk til stades nokon dagar i dei andre vekene. Om du vil ha kontakt med oss er det enklaste å sende ein e-post til merete.stofring@bondelaget.no eller sende ein sms til 95947437 der du ber om å bli ringt opp att eller du berre sender eit konkret spørsmål med kva det gjeld, så vil vi ta kontakt.
Me ynskjer alle våre medlemmer og samarbeidspartnarar ein god sommar!