Målgruppa for SNOP-kurset  er gardbrukarar og nyetablerarar i Hordaland. Deltakarane får hjelp til å lage sin eigen forretningsplan, samt informasjon om kva som skal til for å søkje midlar til investering, oppstart og drift.

Kurset har fleire samlingar, og førre veke var Hordaland Bondelag med på eit gardsbesøk under ei av samlingane. Kursdeltakarane besøkte først osteprodusenten Jørn Hafslund frå Ostegården, før dei dro vidare til Solveig Lilletvedt på Framnes gård.

Garden har storfeproduksjon og Inn på tunet-tilbod. Solveig samarbeider med ALF a/s i Bergen kommune om tilrettelagt arbeid, og tar også i mot skuleklassar, barnehagar og barnebursdager. Solveig informerte om drifta og Inn på tunet-tibodet. Ho snakka om fordelar og ulemper, og la ikkje skjul på at det kan vere vanskeleg å få nok inntekter gjennom Inn på tunet-drift. Utfordringa for mange Inn på tunet-bønder er kortsiktige kontraktar og lite føreseieleg framtid.

Etter besøktet hos Solveig, dro gruppa vidare til sauebonde Bodhild Fjelltveit.  

Link til Norsk Landbruksrådgiving Hordaland

Omvising i fjøset

I fjøset

Kalvane er populære for små og store besøkande på garden.

I tillegg til produksjonsdyr, har Framnes Gård mellom anna kaniner og minigris.

Solveig Lilletvedt fortel om garden og Inn på tunet-tilbodet

Geitene er vant til kos og merksemd

Utsikt over Kalandsvannet