Renevo held til på Eldøyane Næringspark på Stord, der dei byggjer eit biogassanlegg som skal gjere husdyrgjødsel og fiskeavfall om til energi og biogjødsel. Anlegget vil truleg være klart til produksjon til hausten. Renevo har også planar om eit anlegg i Etne.

Meir biogass er eit av måla i Landbrukets klimaplan, og Vestland Bondelag bidrar med informasjonsflyt, nettverksbygging og kunnskapsdeling. Anders Felde, Gry Ingvild Agjeld og Marianne Nordhus tok turen innom anlegget i Stord for å høyre meir om prosjektet. Dei hadde med seg Liv Kari Eskeland frå Høgre.

Under omvisinga vart det ein god dialog om mellom anna investeringsmidlar for bøndene. Renevo ønskjer å samle bøndene og søkje om investeringsmidlar til å byggje kummer og oppgradere gjødselanlegg. Bøndene i området har organisert seg i Sunnhordland Bionæring, og har forhandla med Renevo om leveringsvilkår, prisar og avtaler.